Få bedrifta di med på Gymnashaugen rundt!
Eit stafettløp til inntekt for kreftsaka
Gymnashaugen rundt er eit stafettløp arrangert av gymnasrussen for å samle inn pengar til kreftsaka. Løpet går rundt Gymnashaugen og innom Voss gymnas sine lokaler, og kvar bedrift stiller med eit lag på minimum fire personar. Det blir trekt flotte premiar etter løpet. Påmeldingsavgifta går uavkorta til Kreftforeningen og er minimum 1000 kroner per lag.
Me køyrer i gang om
8. april 2026 kl. 14:45
Etappar
- 1. Frå start til porten ved idrettsbanen
- 2. Ein runde rundt idrettsbanen
- 3. Frå porten ved idrettsbanen til Lekvemoen
- 4. Frå Lekvemoen til parkeringsplassen ved Voss gymnas
- 5. Frå parkeringsplassen ved Voss gymnas til inngangsdøra Voss gymnas
- 6. Innomhus-etappe (ikkje på kartet)
- 7. Frå utgangsdøra til Jugendbygget til mål
Premiar
Det blir delt ut premiar etter løpet, alle som har meldt på bedrifta si er med i trekninga. Premiane blir laga av utdanningsprogramma på skulen.
Lunsjkonsert
Etter nærere avtale fyller musikklina opp ein bandbil og kjem ut til arbeidsplassen og leverer lunsjkonsert for bedrifta sine tilsette!
Trening for arbeidsplassen + teambuildingpakke
Bedrifta kan vinne treningstimar (styrke, koordinasjon og/eller uthald) skreddarsydd for arbeidsplassen, under kyndig rettleiing av toppidrettselevar . I tillegg kan bedrifta vinne teambuildingpakke, i regi av toppidrettselevar , som oppladning til sommarfesten! Tidspunkt etter nærare avtale.
Spadag på frisørsalongen
Spadag på frisøravdelinga for stafettlaget til bedrifta, levert av frisørelevane på Voss gymnas. . Her blir det vask, klipp og frisyre som oppladning til bedrifta sin sommarfest! Tidspunkt etter nærare avtale.
Meld på bedrifta di her
Fyll ut skjemaet under for å melde på bedrifta di. Påmeldingsavgifta er minimum 1000 kr per lag, men det er ingen øvre grense. Alle bidrag går til kreftsaka. Laget må bestå av minimum fire personar. Betalingsinformasjon vil bli sendt til e-postadressa du oppgir nokre dagar etter påmelding.